Praktiske øvingar
Praktiske øvingar
1.10 Øvingar og sjølvtest
Øving 1 · Materialtest
Lag eitt ark med same motiv i fire storleikar. Press på bomull, polyester, blanding og eit funksjonsplagg med tabellverdiane. Noter faktisk temperatur, tid og trykk. Vask alle fire på 40 °C fem gonger og fotografer resultatet.
Øving 2 · Herdetrapp
Herd fem identiske ark ved fem ulike tider (t.d. 90, 120, 150, 180, 240 sek). Gjer bøyetesten på alle. Skriv ned kva som er din maskins optimale herdetid.
Øving 3 · Detaljgrense
Lag ei fil med linjer på 0,2 / 0,3 / 0,5 / 1,0 mm og skrift på 4, 6, 8 og 12 pt. Trykk, press og vask. Du har no dokumentert kva du faktisk kan love kundane.
Øving 4 · Rutinar i sju dagar
Køyr morgon- og kveldsrutina i sju arbeidsdagar utan å hoppe over noko. Noter dysetestresultatet kvar dag. Sjå på kurva: dette er baselinen din.
DTF-skulen